

Surnadal folkebibliotek
Alle besøkjande må rette seg etter biblioteket sitt regelverk og alminnelege reglar for god oppførsel.
Alle som bur i landet har rett til å låne ved biblioteket. Utlånet er gratis.
Alle som har fylt 6 år kan få eige lånekort. Er du under 13 år må du ha samtykke frå føresette. Nye lånarar får no Nasjonalt lånekort som kan brukast ved andre bibliotek over heile landet.
Bøker, språkkurs, PC-spel: 4 veker
Tidsskrift, musikk-cd og korttidslån (utvalde/nye/etterspurte bøker): 2 veker
Video: 1 veke
Lånet kan fornyast 2 gonger dersom det ikkje er venteliste. Det er forbode å låne media vidare til andre. Ein er ved alle høve fullt ut ansvarleg for det ein har lånt på kortet sitt. Dersom lånaren finn feil på media, må det meldast til biblioteket.
Du kan reservere media som er utlånt. Biblioteket vil varsle deg når mediet er ledig. Det må hentast innan ei veke frå du får meldinga.
Bøker som biblioteket ikkje har, kan lånast gratis frå anna bibliotek. Ved uavhenta fjernlån , blir porto tur-retur belasta lånar.
Dersom lånetida blir overskride, vil du få ei purring frå biblioteket. Gebyr som ikkje er betalt, vil bli samla opp på eigen konto for kvar lånar. Lånar som skylder meir enn kr.80 (vaksne) og kr.35 (barn), får ikkje låne meir før dei har gjort opp for seg. Er ikkje boka/mediet levert etter 2. gongs purring, blir det sendt erstatningskrav. Erstatningskrav sendes til inkasso viss ikkje lånaren leverer materialet eller betaler kravet innan fristen.
Særleg verdifulle bøker, språkkurs, lydbøker med mange cd-ar, billigbøker, deler av verk, verdifullt eller sjeldent materiale vil bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.
Gebyr for nytt lånekort (det 1. er gratis): kr.20
Lån utan lånekort: kr.10
1. purring kr.30, 2. purring kr. 50 (sum kr.80)
Bøker, lydbøker kr. 400
DVD, musikk-cd kr. 200.-
Enkelt-cd til lydbok kr.125
Tidsskrift kr. 75
Omkostningar ved erstatningskrav kr. 50
CD-ROM kr. 400
1. purring kr. 15, 2. purring kr. 20 (sum kr.35)
Bøker og teikneseriar kr. 250
DVD, musikk-cd kr. 200
Enkelt-cd til lydbok kr.125
CD-ROM kr. 400
Tidsskrift kr. 75
Lånarar under 16 år slepp omkostningsgebyret på kr. 50
Anne Skjeggestad, 01.02.2012